Hanne Bergheim, ons. 11. april

«Det inspirerer, inkluderer og åpner ører for mulighetene i musikken og lyrikken». (musikkopplevelsen.no)

«Dette er rett og slett et album som brøyter seg vei ut av høyttalerne og tvinger deg til å ta imot». (Deichmanske musikkblogg)

Hanne Bergheim er ein artist som kan kunsten å pønke og vera følsom singer songwriter på ein og same gong. Frå ho var 17 år har jenta frå Bømlo ute i havgapet gått milevis av musikermeter i både inn- og utland. Etter fleire opphald i utlandet, blant anna i Beijing kom ho heim med tekstar på norsk og musikk som utfordrar visepop verda med ei rocka og poetisk tilnærming.

Bergensprodusent Kato Ådland (Sondre Lerche, Silja Sol) har produsert det ferskaste albumet som kom ut i mars. Og videoen til førstesingelen BOOM BOOM er produsert av Eivind Tolås, som fekk spellemannspris for «Begravelsespolka» med Kaizers Orchestra. I bandet til Hanne finn du bassist Marie Moe (Razika) og Lars Nordtveit på trommer.

Facebook: www.facebook.com/bergheim.hanne
Spotify: http://open.spotify.com/album/4qXTxjleBLOwysPT7V1d5L

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *